torsdag 24. september 2009

Elevane mine i 1HS jobbar godt i det digitale klasserommet.

I dag trente vi på å skrive, fullstendige setningar med subjekt og verbal, bruk av eigenskapsord (adjektiv), og å bygge opp eit avsnitt. Ved slutten av dobbeltimen hadde alle elevane skrive ein tekst og lasta den opp på Classfronter. Det vart tid for meg til å gå rundt og hjelpe ein del av dei også, og på den måten fekk vi rydda unna ein del feil før dokumentet vart lagra og levert.

Eg hadde fått datamaskinene på plass før timen begynte, delvis ved hjelp av elevar som hjelpte meg å bera. Vi sparte litt tid på det. Undervegs hadde vi dei vanlege problema med maskiner som ikkje ville starte opp, manglande nettilgang, og feilmanøvrering, dvs elevar som leitar etter norskoppgåvene i t d kroppsøvingsrommet. Men det går eigentleg ganske bra, elevane høyrer etter, og dei arbeider godt.

Etterpå hadde vi dobbeltime i engelsk. Der skulle dei skrive ein kort artikkel. Vi vart ikkje ferdige med det, men vi skal arbeide vidare neste gong.

tirsdag 22. september 2009

Eg har vore i kantina for å kjøpe mat.Lunsjpausen er slutt. Kantina var ryddig og rein, for kantinepersonalet hadde rydda og ein reinhaldar var i ferd med å vaske golvet. Men ... på vegen attende til arbeidsrommet plukka eg ein epleskrott, knapt halveten, i trappa, og i ei sittegruppe i tredje etasje låg det papir og brukte drikkebeger og flaut, ved datamaskinene ein tom drikkekartong, og slik heldt det fram bortover korridoren. Eg plukka det opp og lurte på kor folkeskikken er blitt av. Den gongen desse elevane var søte, små barnehagebarn, rydda dei etter seg og vart forskrekka over at ungdommar ikkje gjorde det. Nå har dei avansert inn i den gruppa sjølve, blitt forsøplarar og gløymt det dei lærte i barnehagen. Dei burde lese boka "All I really Need to Know I Learned in Kindergarten" av Robert Fulghum.

mandag 21. september 2009

Vegen framover

Eg prøver meg på blogging og kvitring, for eg finn ut at einaste måten å lære dette på, er å prøve, og sjølvsagt: å feile. Men noko lukkast. Eg har heilt sidan eg gjekk på kurs på NTNU skoleåret 2007-2008 hatt stor glede av å følgje lektor Aksnes skoleblogg. Nå følgjer eg henne på Twitter også. Gjenom henne er eg komen på sporet av andre. Så i dag har eg hatt gleda av å lese referat av foredrag av Kjell Atle Halvorsen på NDLA-konferanse som foregår i Bergen i dag og i morgon. Det handla om det digitale klasserommet. Eg kom også over eit blogginnlegg: læringsstilar revisited - med kommentarar, som var interessant. Ein av kommentarane hadde lenke til ein video på YouTube som fortald at teorien om læringsstilar var feil! Ja, det er mange som meiner det. Eg er ein av dei som har fått mykje nyttig kunnskap frå denne teorien, og eg meiner at denne kunnskapen har gjort meg til ein betre lærar. Eg hadde i alle fall ganske sikkert ikkje blitt lærar igjen etter 20 år i administrasjon, av desse 16 år som rektor, utan å ha denne teorien å stø meg til.