torsdag 20. desember 2007

SMS-grammatikk: Kan vi analysere nokka som e feil da?

Oppdraget var å ”prøve ut tekstmeldingers tekstfaglige potensial.” Etter eit par påminningar til elevane kom det ein del meldingar på telefonen min, nærare bestemt 14.

Undervisningsopplegget vart gjennomført slik:


1. Idemyldring for å få fram gammal kunnskap om ordklasser (vi heldt oss til dei tradisjonelle ti) setningsledd (S,V,O,IO,P,ADV), setningar og setningsemne.

2. Rask gjennomgang av følgjande tekstelement: Helsingsfrase og avskjedsfrase, informasjonsmelding, kontaktmelding, spørsmål, ortografi, ordval (vanlig, slang), fullstendige setninger eller setningsemne.

3. Elevane vart så bedt om å beskrive språket i tekstmeldingane ved hjelp av begrepsapparatet ovanfor. Tekstane vart presenterte på PowerPoint-bilete og vart lagra på Fagstoff i klassens rom på Classfronter og viste på skjerm i klasserommet.

Desse to meldingane førte til umiddelbar reaksjon:
”Heia fettB-] sjer a? Har du sigg te mæ? Ælske dæ fetta miJ”
”Walla yo, ka skjer? Gla i dæ fetta <3”

Ordbruken var ikkje akseptabel meinte elevane, og dei ville ”aldri” skrive slikt sjølve. Reaksjonen i klassen var klart fordømmande og ikkje beskrivande. Det kunne utnyttast til å forklare skilnaden på deskriptiv og normativ språkomtale.

Dei slo vidare fast at det vart brukt mykje forkortingar (sup, sap, snx, sigg, elr), mange engelske ord (joine, dude, love yah), ord frå andre kulturar (walla), samanskrivingar (ringmæda, skjera? (Alt dette kan utnyttast vidare, men eg har ikkje gjort det ennå.)

Det vanskelegaste for elevane var å analysere setningane, men ved litt steg for steg metode (begynne med verbalet) med utgangspunkt i dei enklaste uttrykka, kom me litt på veg: ”Skjera?” Ufullstendig setning som inneheld verbal og adverbial. Dei greidde med litt hjelp å analysere lengre setningar også.

Eg brukte to dobbeltimar og kjem til å arbeide vidare etter jul.

2 kommentarer:

Hildegunn sa...

Interessant. Opplegget verka seriøst og gjennomtenkt. Det skal bli artig å høre korleis oppfølginga etter jul blir. Du prøvde ikkje med lyrikk? Eg veit fleire som har fått sms-dikt til å fungere i klassen.

Harald Morten

Gerd sa...

Lyrikk blir neste steg. Vi er gått over på det no samstundes som vi held fram med grammatikk. Eg skal be dei sende meg dikt på sms.