fredag 28. oktober 2011

Å bli pasient

Eg var til lege for ei tid sidan og fortalde at eg hadde hatt smerter i brystet. To timar etterpå var eg innlagd på Hjarte- og lungeavdelinga på St Olav. Eg vart lagd til sengs, fekk påmontert surstoffslange, og det vart tatt blodprøver og EKG for andre gong den dagen. Litt seinare vart eg trilla til røntgen,og deretter trilla vidare til sengepost. Dit kom eg i vaktskiftet i tretida. Det skjedde ikkje meir den dagen, men det var TV på rommet, så eg vart grundig oppdatert på Bård Hoksrud og turen hans til Riga eller kor det no var. Neste dag tok eg sykkeltesten utan at dei to unge legane som såg på, fann noko alarmerande, så eg vart send heim med resept på Albyl E.
Seinare har eg hatt CT av hjarta, men det var heller ikkje nok til å fri meg frå mistanke, så no er eg her att. I dag er det førebuing til hjartekateterisering på måndag. Eg kom hit kl 08.30, venta over ein halv time på å få tatt blodprøver, kom opp på 4. etasje litt før ni, venta to timar på å kome inn til sykepleiar som tok EKG og målte blodtrykk. Etter det var det ny venting. Sykepleiaren melde at legen skulle ha lunsjpause. Den tida kom og gjekk. Så kom sykepleiaren på nytt og sa at alle vi som sat og venta, kunne gå i kantina, for legen skulle på eit møte før ho kunne sjå til resten av pasientane. Klokka er no passert 14.00. Slik er det altså å vere pasient. "Patient" er engelsk for tolmodig. Det latinske opphavet har også noko med liding å gjera.
Eg har ikkje undervisning i dag, for elevane mine er i praksis. Kommande veke er også undervisningsfri. Eg skulle ha vore på eit iPad-kurs i Oslo på onsdag og på personalseminar i Østersund på torsdag og fredag, men eg har meldt forfall. Ikkje fordi eg føler meg sjuk eller i dårleg form, men det hadde blitt ganske travelt. No nyttar eg heller tida til gjere ferdig ein del arbeid på skulen. Eg har fått gjort ein del her i dag også.

Ingen kommentarer: